Då har eg og prøvd meg på å lage adventskalender av fyrstikkøsker. Det var ein litt tidkrevandes jobb, men tida merka eg lite av av når eg sysslar med slike hobbyting, då går den alltid litt for fort. Fornøgd med resultatet av den første og det vert nok heller ikkje den siste :)
søndag 24. november 2013
torsdag 21. november 2013
Marsipansjokolade i kort
Kort og marsipansjokolade i ett. Nok ei kjekk lita oppmerksomheit til å ha i pakken under juletreet :)
søndag 10. november 2013
"Herskapeleg: Kven trur du at du er?"
I dag hadde Åmdalskoret Berre Damer Herskapeleg korkafe på Dalane skule.
torsdag 7. november 2013
Vinduspynt i hobbykroken
I kveld har eg pynta litt med lys i vinduet til hobbykroken. Lurte inn litt fine stjerner, og plutseleg vart det julestemning:-) Kos no når jula nærmar seg☆☆
stjernene er kjøpt på Clas Ohlson:-)
onsdag 6. november 2013
Marshmallows
Idag har eg blandt anna laga små gaveposar med minimarshmallows. Perfekt lita gave å gi ilag med ein pakke kako :)
mandag 4. november 2013
Julegavetips - Godteposar
I dag har eg vore i hobbykroken nokre timar og dekorert meir godteri. Det vart storhandel i Oslo når det gjaldt søtsaker og eg fekk kommentarar og blikk frå dei bak kassa, dei lurte vel på om eg hadde tenkt å ete alt aleine, greit nok eg er glad i søtsaker men denne gongen var det tiltenkt som julegaver.
Eg syns pakkar med fine ord og noko smakfullt i er perfekte små julegaver, enten aleine eller i tillegg til noko anna.
Abonner på:
Innlegg (Atom)