onsdag 28. august 2013

De syv søstre

30 juli 2013 tok vi turen til Sandnessjøen i Nordland for å bestige De syv søstre (eller Sju søstre) målet vårt var å greie det på ein dag 
De syv søstre er en fjellformasjon på øya Alsten i Alstahaug kommune i Nordland. Fjellformasjonen er lett synlig på kysten av Helgeland og består av syv topper som skal forestille de syv søstre: Botnkrona (1072 moh.), Grytfoten (1019 moh.), Skjæringen (1037 moh.), Tvillingene (945 og 980 moh.), Kvasstinden (1010 moh.) og Breitinden (910 moh.).

 
Vi campa i Sandnessjøen. Utsikta mot fjellet såg fantastisk ut, og værmeldingane lova berre godt!! Det vart då ein liten skuffelse over å våkne kl 07.00 til heilt tåkelagte fjell, vi frykta at turen ikkje vart gjennomførbar eller i verste fall utan utsikt.
Vi laga klart og pakka mat medan vi venta på å kryssa fingra og te for at tåka måtte forsvinne!!
 
 Vi bestemte oss for å starte turen i tåka og heller håpe på at den letta etterkvart. Start kl 11:00.
Når vi nermar oss fyrste toppen ligg tåka her enda men stien var veldig godt merka og kjenner på kroppen at dette er verkeleg ønskjeleg å gjennomføre tåke eller ikkje!!
 
  
 Topp nr 1!! Breitinden 910 moh
 
 Tåka ligg framleis og topp nummer to er brattast og luftigast
  Topp nr 2!! Kvasstinden 1010 moh
 
 
Godt merka! Netop nede frå Kvasstinden
 Eit godt stykke å gå frå topp nr 2 til nr 3, vi tok oss ein beinstrekk og matpause i mellom desse toppane
Tåka byrjar å lette!! :) 
 Full fart opp mot topp nr 3! Vil ha sol og utsikt!
 
 Vel oppe på topp nr 3!! Tvilling2, 980 moh, her nyt vi utsikta mot dei 4 neste toppane som ventar:)
 
Topp nr 4!! Tvilling 1, 945 moh
 

  

 Topp nr 5!! Skjæringen 1037 moh 
 
 Topp nr 6!! Grytfoten 1019 moh

 
 På veg mot Botnkrona, på baksida i skuggeland
 
 Om mot siste topp!!
 Utsikt mot Herøy og Dønna, Træna og Lovund i det fjerne til høgre
  Topp nr 7!! Botnkrona 1072 moh. Hærleg følelse å vere på toppen ca 21:30.
 
 Nedoverturen var laang...
 
 Tung tur ned
 
 Stopp 00:49  -  Vi ventar på taxi med ein velfortent recovery bar!
 
 Kjekt med sol som tørkar sveitte turkle
 
Godt nøgde med gjennomført tur. Vi har no vore på Sandnesjøen turistkontor og meldt ifrå om gjennomført tur på dei sju søstre på 13 timar og 50 min!! :)
Ein tur som verkeleg anbefalast!! =)
Diplom  for vel gjennomført tur :)
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar