Panna cotta med friske bær
I dag har eg laga desserten panna cotta, søt dessert med friske bær på toppen
I dag har eg laga desserten panna cotta, søt dessert med friske bær på toppen
Du treng: (4 små porsjonar)
3dl kremfløte
1 vaniljestang
1/2 dl sukker
2 gelatinplater
friske bær, frukt og nøtter
1. Legg gelatinblad i vatn
2. Ha kremfløte i en kasserolle, del vaniljestangen på langs og skrap ut frøa, ha frøa og vaniljestanga oppi saman med fløta. koko opp og ta den av plata
3. Ta ut vaniljestanga og sil melkeblandinga oppi ein bolle. klem ut vatnet av gelantinen og rør de inn. rør i 1/2 dl sukker
4. Set til kjøling i 3-4 timar
Server med friske bær og frukt
NYT
Eg har også prøvd å lage ein sunn versjon av panna cotta, det var ikkje like mykje smak som ekte pannacotta, men eit fint alternativ til ein sunnare dessert som smakar veldig friskt
Du treng:
2 dl ekstra lettmelk
1 vaniljestang
3 gelantinblad
3 ts sukrin
2 dl mager vaniljekesam
- Start med å legge gelatinblada i vatn
- Ha melka i ei kaserolle. del vaniljestanga og skrap ut frøa, ha frøa og vaniljestanga oppi saman med melka. koko opp og ta den av plata.
- Ta ut vaniljestanga og sil melkeblandinga oppi ein bolle. klem ut vatnet av gelantinen og rør de inn. rør i 3 ts sukrin. la det så avkjøles
- Rør inn vaniljekesam
- Ha i serveringsglass eller skåler, og la det stivne i 4-5 timar eller natta over
Bringebærsalat
Friske bringebær
Safta fra ein halv appelsin
jordbær
Smak til med sukrin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar